Siste nyheter

Møt Liv Gade i biblioteket ditt
Bokinspirator Liv Gade på turnè i Sunnhordland
20 januar

Biblioteka i Sunnhordland arrangerar ein turne med Liv Gade - sjå her kor du kan møte ho.

Liv Gade har arbeidd som bokinspirator i 10 år.Ho reiser ”Norge rundt”- og utlandet med- for å inspirera og motivera små og store. Alle som er ute etter inspirasjon til gode leseopplevingar, vil ha stor glede av å møta henne. Det er ei oppleveing å høyra henne. ”Energi og begeistring er mine våpen – og jeg bruker dem for alt de er verd” seier ho sjølv.

En dåre fri av Beate Grimsrud
29 desember

 

Denne boka greip meg med ein gang eg byrja å lese. Boka byrjar slik:

"Det er jeg som er Eli. Det er både et jentenavn og et guttenavn og betyr min Gud på hebraisk. Huset er stille. Vi har sluttet å skrike. Vi har sluttet å løpe i hver vår retning og holde leven. Mamma har for lengst gitt opp håpet om å få orden på oss."

Jaget: house of night
9 november

Av: Marlene Grønningen 

Mi meining om boka var at ho var utruleg spennande. Eg kunne ikkje leggje ho frå meg. Dette er den kjekkaste boka i heile House of Night serien til no. Det som gjer ho så spennande er at det stadig skjer noko. Dersom Zoey ikkje sloss mot det vonde eller prøver å redde skulen, er det alltid noko kjæraste eller venne problem. Det er rett og slett ikkje noko negativt å seie om denne boka.

Fotballmysteriet av Martin Widmark
4 november

Fotball mysteriet.Forfattar: Martin Widmark og Helena Willis

Forlag: Cappelen Damm

Boka handlar om to klassekameratar som driver et lite detektivbyrå saman.  Kvart år blir det spilt en veldig viktig fotballkamp i Valleby. Det er laget frå Valleby som møter laget frå Solbacka. Kvar by velger dei fem beste spillarane de har. Så møter lagane kvarandre på grasmatta nedanfor akebakken i Valleby. Kvart år så pleier dei om å spele om ein stort sølvpokal. Den dagen som dei skal spela kampen så skjer det masse uventa ting.

Demonene hvisker - Josefine Ottesen
Demonene hvisker av Josefine Ottesen
3 november

”Demonene hvisker” er skriven av Josefine Ottesen, og blei utgitt av Høst & Søns Forlag i Danmark i 2005. Den norske versjonen blei utgitt av Aschehoug i 2007.